Nettleiga faktureres kvar måned, og kundane gis normalt to veker betalingsfrist. Har me ikkje motteke betaling innan 14 dagar etter forfall, går kravet vidare til purring. Denne inneheld samstundes eit varsel om stenging av straumen etter ytterlegare 14 dagar. Stenging kan difor iverksettes 28 dagar etter fakturaforfall utan nytt varsel.
Pr. 1.7.2023 er forsinkingsrenta 11,75%, purregebyr kr 35,00 og reguleres av Finansdepartementet saman med satsane for inkassosalær.
Har straumen vore stengd, er gebyret for å setje på att kr 1200,– + mva dersom dette kan gjerast via brytar i målaren. Dersom me må sende ut mannskap, er gebyret det dobbelte. Påkopling skjer i normal arbeidstid. Besøk hos kunden i samband med inkasso blir fakturert med kr 1200,– + mva per besøk.