Ved uhell eller skadar må du umiddelbart stoppa arbeidet og alle køyretøy/maskinar.

Har du sitt ein straumledning på bakken, eit ope straumskap eller eit tre som har falt over ei strømførande linje?

Ta kontakt med oss på tlf 53428930 umiddelbart.


Dette er farlege forhold – hald avstand!

Skadar på straumskap eller straumlinjer kan føre til livsfarlege situasjonar for både menneske og dyr. 

Me ønskjer derfor at du melder frå til oss, slik at me kan få retta opp feilen så raskt som mogleg.


Me ønsker å presisere følgjande:

  • Ledningar som har falt ned må ikkje rørast, og ein må halde god avstand.
  • Trær og andre gjenstandar som ligger over ledninger må ikkje rørast og ein må halde god avstand.
  • Berøring av ledningar og trær eller gjenstandar som er i kontakt med ledninger kan vere livsfarleg.


Køyretøy/maskin i kontakt med høgspentlinje

  • Bli sitjande i køyretøyet/maskin til straumen i linja er slått av
  • Sørg for at ingen kjem i kontakt med køyretøyet
  • Må du fjerna deg fra køyretøyet/maskin, så hopp ned på bakken med samla bein
  • Unngå kontakt med køyretøyet/maskin og jord samstundes
  • Sikra området

Skade på kablar og røyr

  • Kontakt Bømlo Kraftnett AS også ved små rifter og skadar i isolasjon, røyr eller plastkappe.