Me ser at fleire og fleire kundar vel å slå av straumen i periodar der ein ikkje brukar hytta, rorbua eller naustet. Fleire vel då å bruke hovudsikringen til å slå av straumen med. Straummålaren vil då slutte å sende inn målarstand til oss i Bømlo Kraftnett. På grunn av at me hentar inn målarstand frå målaren er det viktig at denne har straum. Om målaren mistar straumen vil me ikkje få avlesingar frå målaren, og kunde vil få stipulert eit forbruk sjølv om anlegget ikkje er i bruk.

Dette kan unngås om kunden ikkje brukar hovudsikring, men i staden brukar den oransje knappen på målaren, eller eventuelt berre brukar kurssikringane til å slå av straumen med.

Om du brukar den oransje knappen til å slå av eller på straumen i din bygning, har me framleis kontakt med målaren og kan registrere at straumforbruket er "0". Du slår av eller på straumen ved å holde inne den oransje kanppen i seks sekund. Sjå forklaring nedanfor:


Stenge straumen

Koble til straumen

Stenge straumen

Koble til straumen
  • Ved å trykkja ein gong på den oransje skjermknappen
    ser du denne teksten på skjermen.
  • Straumen blir stengd om du held den oransje knappen
    inne i meir enn 6 sekund til du høyrer eit klikk.
  • Dette biletet viser at straumen er kopla ut.
  • Straumen blir kopla til på same måte som han blir stengt, ved å halda
    den oransje knappen inne i meir enn 6 sekund til du høyrer eit klikk.