Kva skal ein velgje - Norgespris eller Straumstøtte?
| Norgespris: Ei straumstøtteordning der du betaler 50 øre/kWh (inkl. mva) uansett marknadspris (i tillegg kjem kraftleverandøres sitt påslag og nettleige). Dette alternativet gir forutsigbarheit, men kan vera dyrare om straumprisen er låg. Straumstøtte: Dekker 90% av prisen over ett satt beløp, men du betalar full pris under denne grensa. Du drar då nytte av låge marknadsprisar, men har risiko for høgare kostnad ved pristoppar. For prisar sjå NVE sine sidar Enkelt sagt: Norgespris gir tryggleik med fastpris, mens straumstøtte gir lågare pris når straumen er billig, men høgare utgifter når prisene aukar. |
Kva er Norgespris?
- Norgespris kan bestillast via Elhub si Mi side
- Norgesprisen som gjeld frå 1. oktober 2025 og ut året 2026 er satt til 50 øre/kwh.
- Fastpris, men ikkje alt er inkludert - nettleige og påslaget til kraftavtalen kjem i tillegg
- Norgespris er ikkje ein straumavtale, men ein statleg prissikringsordning
- Du må velgje mellom Norgespris eller straumstøtte
- Dersom du ikkje vel å inngå Norgespris vil du automatisk få straumstøtte som i dag
- Norgespris binder adressa til ordningen ut 2026 (uansett om du er eigar eller leigetakar)
- Nettselskapet handterar ordninga på same måte som straumstøtta
- Norgespris kan ein inngå for både bustadhus og fritidshus
*Bindingstid på Norgespris
Er Norgespris lønsamt?
Me skulle gjerne hatt ei krystallkule for å vite korleis straumprisane utviklar seg framover. Men basert på situasjonen i dag - og sidan me ligg i eit prisområde der prisane ofte er høge - kan det sjå ut til at Norgespris vil løne seg for mange av våre kundar. Samstundes må me ta forbehald om at marknaden er vanskeleg å spå, kraftprisen blir påverka av mange ulike faktorar, og i periodar med låge prisar kan ein spotavtale med straumstøtte gi lågare kostnad.
For å hjelpe deg å vurdere dette har me ei samanlikningsteneste inne på Mi Side . Der kan du sjå korleis rekninga di ville sett ut med Norgespris - samanlikna med ei vanleg spotavtale med straumstøtte. Du kan også logge inn på Elhub.no for å sjå samanlikning for din straummålar der.
Kva er straumstøtte
Ein støtteordning
Staten vil gi ei støtte til hushaldningskundar. Støtta vert berekna pr. time.
Støtta gis opp til eit forbruk på 5000 kWh/mnd.
RME vil publisere støttestasane på denne sida NB! Ein må velje prisområde NO2 for å få korrekte verdiar.
Burettslag og sameige
Strømstøtte til bustadselskap (burettslag, bustadsameige, bustadaksjeselskap mm.) blei vedtatt av Olje- og energidepartementet fredag 21. januar 2022. Støtta utbetalast automatisk, men styra i bustadselskapa plikter å kontrollere og rapportere for å sikre riktig utbetaling.
Ordninga skal sikre støtte for fellesmålt strømforbruk. Dette kan for eksempel var forbruk til oppvarming, varmtvatn og varme i fellesareal, forklarer seksjonssjef i Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME), Torfinn Jonassen.
Med felles målepunkt meinast eit målepunkt (straummåler) som måler felles straumforbruk til bustadselskapet.
Styra er ansvarlege for at korrekte tal er lagt til grunn
Når bustadselskapet mottar støtte, har dei sjølv eit ansvar for at dei ikkje har mottatt for mykje i støtte. Det er to forhold dei må kontrollere:
- Dei bustadselskap med felles oppvarming- eller ventilasjonssystem må kontrollere at ikkje meir enn 20 prosent av oppvarma areal nyttast av andre enn bustadselskapet sine husholdningar (for eksempel til butikklokale).
- Alle bustadselskap må kontrollere at dei ikkje har mottatt støtte til husholdningsforbruk for meir enn 5 000 kWt per bueining.
Styra må melde frå til Bømlo Kraftnett på e-post: firmapost@bomlo-kraftnett.no om dei ikkje er innanfor krava ovanfor.
Les meir om bustadselskap og reglane på NVE sine sider: Slik gjennomføres strømstøtte til boligselskapene - NVE
Kven får støtte
Me har tatt utgangspunkt i opplysningar om abonnementet som ligg i systemet vårt når støtta er berekna. Om du ikkje har fått støtte og meinar at du har krav på dette må du ta kontakt med oss i Bømlo Kraftnett. Det kan vera feil i våre system når det gjeld defineringa av kva bygninga vert brukt til. Oftast vil feilen vera at me har klassifisert abonnementet som noko anna enn det som det gis støtte til. Om det er tvil om kva anlegget vert brukt til, vil me bruke opplysningar registrert i matrikkelen. Det er og mogleg å klage til RME på vår klassifisering.
Korleis vert støtta utbetalt?
Dersom du får felles faktura for både straumforbruk og nettleige, så vil du få heile straumstøtta trekt frå på denne fakturaen som eit minusbeløp.
Kundar som får eigen faktura for nettleige frå Bømlo Kraftnett i tillegg til faktura frå straumselskapet sitt, får straumstøtte trekt frå på denne fakturaen. Mange kundar vil ha pengar til gode sidan straumstøtta stort sett utgjer eit større beløp enn nettleiga for ein månad.
Om beløpet overstig fakturert nettleige, vil pengane bli utbetalt til den kontoen som dei tre siste innbetalingane er komne frå. Er du ein slik kunde og har nyleg endra bankkonto, må du ta kontakt med vårt kundesenter.
Kva får eg i støtte?
Du kan finne ut kva du har fått eller får i støtte på Bømlo kraftnett si "mi side". Rekningar som er ferdig produsert finn ein under fakturaoversikt. Funksjonen "prøvefaktura" som ein finn under menyen "Faktura" når ein klikkar på hamburgermenyen oppe til høgre, vil vise påløpte kostnadar og rabatt i inneverande månad fram til gårsdagens dato. På grunn av at auka støtteprosent for januar ikkje er vedtatt enda, er ikkje denne satsen oppdatert i berekninga. Endeleg beløp på støtta er heller ikkje klar før månaden er over, då den er avhengig av snittprisen på straum. Førebels er lik pris som for desember brukt i berekninga.
