Dersom du har spørsmål til faktura eller vil utsetja faktura, så ta kontakt med straumleverandøren din for hjelp. Kundar som får faktura for nettleige frå Bømlo Kraftnett kan kontakta oss for hjelp.
Gjennomfakturering
Alle straumleverandørar sender straumfaktura og dersom nettselskapet ditt har sagt ja til at straumleverandør kan fakturera nettleige på same faktura, vil du kunna få ein samlefaktura for både nettleige og straumforbruk
Bømlo Kraftnett har inngått avtale om gjennomfakturering med Haugaland Kraftenergi AS, Vibb AS og Finnås Kraftlag AS. .
Det gjer at faktura kan stå som ubetalt på Mi Side hos oss, sjølv om du har betalt han. Det er også årsaka til at du ikkje kan utsetja betaling på Mi Side hos oss dersom det er straumselskapet ditt som sender ut faktura for nettleige saman med faktura for straum.
Dersom du ikkje har straumleverandør eller du får faktura for nettleige frå oss, så kan du logge inn på Mi side der finn du informasjon om ditt forbruk og dine faktura. Her kan du også be om utsetjing av faktura.
På "Mi side" kan du og finne:
- Forbrukshistorikk
- Faktura arkiv (PDF)
- Prøvefaktura
- Betalingsutsetjing
