Nettleige frå 01.01.2026
Bømlo kraftnett si tillatte inntekt (berekna i tråd med regelverket til RME) har auka for 2026. Auken skjer generelt som følgje av aukte kostnadar i samfunnet. Kostnadar som påverkar nettselskapa spesielt er Statnett og Fagne sine tariffar (overliggande nettkostnadar). Desse kostnadane er blant anna berekna ut frå Bømlo kraftnett sitt samla forbruk i makstimen i 2023 og 2024. Vidare spelar og andre kostnader tilhøyrande Bømlo kraftnett AS inn. Eksempel på slike kostnader kan vera eigedomsskatt og gebyr til Elhub. For 2026 planlegg me å ta inn heile den tillatne inntekta. Dette medfører at vår del av tariffen vil auke samanlikna med 2025. Stortinget har vedtatt å sette ned elavgifta frå 1. januar 2026. Dei fleste kundane vil difor ikkje oppleve ein reell auke i nettleigkostnaden frå nytt år, men dette kan slå ulikt ut for den enkelte kunde.
For komplett tariffinformasjon, sjå vedlegg:
Nettleiga består av eit kapasitetsledd og eit energiledd. Kapasitetsleddet er delt inn i fleire trinn. Kva trinn du hamnar i, vert bestemt av snittverdien av dei tre høgaste timesverdiane, henta frå tre ulike døgn i månaden ein vert fakturert for. Døgnmaks er den timen i døgnet der ein har brukt mest straum.
Trinna er delt inn inn slik. Første trinn 0-2 kilowatt, neste 2-5 kilowatt, så 5 kilowatt per trinn opp til 25 kilowatt. Deretter er trinna delt inn med 25 kilowatt per trinn. Det er forventa at dei fleste kundane våre vil variere mellom trinna 2-5 og 5-10 kilowatt.
Det vil vera ein pris på dagtid og ein lågare pris om natta (klokka 22.00 - 06.00). Elavgifta som blir tatt inn saman med nettleiga vert fastsett av Stortinget.
Du finn informasjon om kor mykje straum (kW) du brukar i gjennomsnitt ein time ved å logge deg inn på Mi Side og gå inn på "Effektkurver". Nokon kraftomsettarar tilbyr og kundar å vise denne informasjonen via eigne appar.