Har du kjøpt eller vurderer du å kjøpe el-bil?

Det er enkelte ting det er greit å sjekka ut og tenke gjennom før du installerer lader heime. Det vert stadig solgt fleire el-bilar i Noreg, også her i Bømlo Kraftnett AS sitt område. Dei fleste el-bilar er i utgangspunktet basert på eit anna straumsystem enn det norske. Lading av el-bilane krev nokre særlege forholdsreglar.


Bømlo Kraftnett AS er positiv til innføring av el-bilar og ladbare hybridbilar. Å elektrifisera transportsektoren er eit godt tiltak både for å redusera forureininga i nærmiljøet vårt, og for å redusera klimautslepp. Bømlo Kraftnett AS ynskjer at etablering av elektrisk transport i vårt nærområde skal skje på ein god og problemfri måte.

Elbillading

Etter kvart som utbreiinga av elbilar har auka, skjer meir og meir av ladinga i tilknyting til private heimar. Dei fleste elbilmodellar har moglegheit for raskare lading ved bruk av høgare straumstyrke. Elbillading kan i somme tilfelle føra til uønskte konsekvensar for straumnettet. Skal du lada elbilen heime, krev dette at du tek nokre særlege forholdsreglar.


Kontrollar det elektriske anlegget


Det er viktig at det elektriske anlegget er i god stand slik at varmgang og personskadar blir unngått. Lading av elbilar går føre seg over lengre tidsrom med same effekt. Ein kontroll av det elektriske anlegget for å unngå brannfarleg varmgang er derfor noko me tilrår sterkt.

Alle kablar og komponentar fram til ladeuttaket må vera dimensjonerte for å tola den aktuelle ladestraumen. Ta derfor kontakt med autorisert elektroinstallatør for å få det elektriske anlegget ditt kontrollert.


Ikkje lad frå vanlege kontaktar



Frå 1. juli 2022 vart det ulovleg å lade elbil frå vanleg stikkontakt. Allereie installerte løysingar (før 1. juli 2022) kan brukas vidare, men må oppfylle krav om eigen kurs (maks 10A) og jordfeilbrytar type B. Det er uansett anbefalt å få installert ladeboks




Skaff deg heimeladar


Med ladeboks på veggen heime unngår du mange problem. Skal du kjøpa elbil bør du derfor samtidig kjøpa og få montert ein slik ladeboks, også ofte kalla heimeladar. Då får bilen effektiv og sikker lading der han skal stå.

Mange ladeboksar har banebrytande teknologi. Dei gir deg gjerne høve til å lada når straumprisen er på det lågaste, og dessutan redusera ladefarten når straumforbruket ditt er på det høgaste, med omsyn til nettleigeutgifter. Dei fleste heimeladarar trivst også like godt på utsida av eit hus som på innsida av ein garasje.


Avlast leidningen og kontrollboks


Ein ladeleidning med kontrollboks kan vega 2-3 kilo, medan ein vanleg stikkontakt toler ei vektbelastning på cirka 0,5 kilo. Du må derfor avlasta vekta i form av ein krok eller hylle. Elles kan du risikera at tyngda på ladeleidningen gjer at klemmene inne i kontakten ikkje klemmer godt nok rundt pinnane. Høg kontinuerleg effekt og dårleg kontakt gir risiko forvarmgang og brann.

Lading på fellesanlegg/i burettslag

Dersom du ikkje har eigen parkeringsplass med ladeutstyr, og må parkera på eit fellesanlegg, er det sjølvsagt viktig å sjekke om det er tillate å lada el-bil der. Det er ikkje sikkert at straumkursane på parkeringsplassane er dimensjonert for lading av el-bilar. Det kan komme krav om montering av eigen straummåler for måling av forbruk etc. Undersøk i ditt eige burettslag eller sameige kva for reglar eller praksis som gjeld for lading av el-bil.



Anleggsbidrag


Bømlo Kraftnett praktiserer ordninga med anleggsbidrag. Den som ønskjer tiltak i nettet for å få auka kapasitet, må derfor ta kostnaden med oppgraderinga. Eit ønske om høgare overbelastningsvern i det elektriske anlegget vil derfor kunna utløysa anleggsbidrag.