Flytting av linjer, kabel eller anlegg? Ta kontakt med oss!
Ynskjer du å knyta deg til nettet vårt med ny bustad, naust eller anna, er framgangsmåten slik:
- Ta kontakt med oss slik at me kan avklara om det er nett eller kapasitet i det området du skal byggja.
- Det vert rekna annleggsbidrag for alle nye tilknytingspunkt og utvidingar der det ikkje er kapasitet til utviding.
- Du må nytte ein godkjend installatør for å førestå den elektriske installasjonen i bygget. Installatøren sender ei førehandsmelding via Elsmart før arbeidet startar. Denne meldinga inneheld dei viktigaste detaljane om installasjonen.
- Me utvekslar ein del teknisk informasjon med installatøren som grunnlag for installasjonen.
- Me sender deretter ut skjema for søknad om tilknyting vedlagt gjeldande standardavtale. Kunde skal fylla ut dette skjemaet og returnera det til oss.
- Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknytning, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.
- Me monterer då målaren og koplar til anlegget og sender sluttfaktura på anleggsbidraget.
Me står gjerne til teneste undervegs om huseigar / installatør ynskjer å drøfta detaljar for den praktiske utføringa av anlegget. Eksempel skal plassering av tilknytingsskap avklarast med nettselskapet.
Dersom du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkjerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.
I bustad og fritidsbustad skal kunde montere tilknytingsskap for straum og fiber utvendig på husvegg. Bømlo Kraftnett AS ynskjer i den grad det er mogleg å nytta kunde sin entreprenør for å sørgja for kabelgrøft til tilknytingsskap. Bømlo Kraftnett AS leverer og legger inntakskabel i ferdig grøft, koplar denne i kabelskapet og i tilknytingsskapet. Det kan også vera entreprenøren som legg kabelen.
Ved legging av kabel og/eller trekkerøyr for kablar er det viktig at grøfter og legging vert utført fagmessig.

Flytte linje, kabel eller anlegg
Ynskjer du å flytta eksisterande straumkabel, linjenett, veglys eller legge om frå luftstrekk til jordkabel på eigendommen din eller flytte andre anlegg Bømlo Kraftnett har, må du normalt betala for dette. Avtale om flytting av anlegg skjer før Bømlo Kraftnett startar planlegging av arbeidet.
Ta kontakt med oss for å planlegga flytting eller endring.
Kostnadar rundt flytting av anlegg må i utgangspunktet dekkast av kunde (tiltakshavar). Kor store kostnadane er varierar etter kva du ynskjer å gjennomføra, og kva for alternative løysingar som fins.