Finnås Kraftlag har ansvar for å krevje inn forbruksavgift for elektrisk kraft (elavgift) på vegne av Toll- og avgiftsdirektoratet.
Reglane for forbruksavgift i korte trekk:
- Hushald- og næringskundar betalar generelt full avgift. Satsar varsla for 2025 er 9,79øre/kWh eks. mva i janauar til og med mars. April til september er satsen 16,93 øre/kWh eks. mva. Oktober til desember er satsen 12,53 øre/kWh eks. mva.
- Bedrifter med næringskode 5-33 (SN2007) betaler redusert avgift på 0,60 øre/kWh (eks. mva.)
- Redusert avgift gjeld berre for forbruk i sjølve produksjonsprosessen.
- I nokre særtilfelle gis det fritak frå forbruksavgift, dette er nærmare forklart hos Skatteetaten.
- Alt forbruk som ikkje brukast i produksjonsprosessen reknast som brukt til administrasjon.
- Forbruk til administrasjonsbygg skal belastast med full forbruksavgift.
- Når fleire typar verksemder ligg bak same målar skal det foretas ei fordeling på dei ulike avgiftssatsane.
- Kunden må på eige skjema dokumentere retten til redusert avgift.
- Kunden må på eige skjema dokumentere retten til avgiftsfritak.
- Bedriftene er sjølve ansvarlege overfor Toll- og avgiftsdirektoratet for å betale korrekt avgiftssats.
Nærare informasjon finn du på Skatteetaten sine nettsider.
Om de meiner å ha rett på avgiftsfritak eller avgiftsreduksjon, må de sende inn skjema ”eigenfråsegn om rett til redusert forbruksavgift”, eller ”eigenfråsegn og rett til fritak av forbruksavgift”. Me minner om at det ikkje er høve til å krevje redusert avgift tilbake i tid.