Personvern er ein grunnleggjande rett som betyr at alle har rett til privatliv og til å kunne bestemme over eigne personopplysningar.

Bømlo Kraftnett AS tek personvernet til kundane våre på alvor. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde – til dømes namn, adresse, fødselsnummer, kontonummer, målarnummer og opplysningar om straumforbruk. Du skal kjenna deg trygg på at handsaminga av dine personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande regelverk, og at det blir sett i verk eigna tekniske og organisatoriske tiltak som sikrar at personopplysningane blir handsama forsvarleg og dokumentert.


Behandlingsansvarleg

Bømlo Kraftnett AS er behandlingsansvarleg for personopplysningar i samband med alle tenester levert av selskapet. Når du bestiller og tek i bruk tenestene våre, blir det oppretta eit kundeforhold som gir oss rettsleg grunnlag for å handsame personopplysningane dine.


Behandlingsgrunnlag

Personopplysningane blir brukt for å administrere kundeforholdet ditt, levere tenestene du har bestilt og gjennomføre faktureringa.

Bømlo Kraftnett AS handsamar opplysningar du sjølv oppgir når du registrerer deg hos oss, og opplysningar du gir via andre, til dømes straumleverandøren din. Døme på opplysningar me utvekslar med straumleverandør kan vere fødselsnummer, namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og ID knytt til målepunktet/anlegget ditt. Nettselskapet hentar og lagrar fødselsnummer frå Folkeregisteret.


Oppbevaring og lagring av personopplysninger

Me lagrar personopplysningar i tråd med gjeldande lovverk og sørgjer for nødvendige tekniske og organisatoriske sikkerheitstiltak.

Personopplysningane dine blir berre lagra så lenge Bømlo Kraftnett AS har rettsleg grunnlag for det, og aldri lenger enn det lovverket tilseier. Rettsleg grunnlag kan vere avtale, samtykke eller lovheimel. Når det ikkje lenger er grunnlag for lagring, blir opplysningane sletta eller anonymiserte.


Utlevering av personopplysninger – taushetsplikt

Me vil ikkje utlevere personopplysningar om deg eller husstanden din til utanforståande, med mindre:

a) du har gitt samtykke,
b) det er krav i lov eller forskrift,
c) det kjem pålegg frå domstol eller annan myndigheit, eller
d) det skjer som del av betalingsinnkreving med sakleg grunn.

Me viser også til §15 i standard nettleigeavtale om teieplikt.


Informasjonskapslar (Cookies)

Nettsidene våre brukar informasjonskapslar (cookies) for å forstå korleis du brukar tenesta, slik at vi kan gjere den betre. Dei fleste nettlesarar godtek automatisk cookies, men du kan sjølv endre innstillingane og nekte bruk. Merk at enkelte delar av nettsida kanskje ikkje fungerer som dei skal utan cookies. Les meir om korleis du kan administrere informasjonskapslar på Nettvett.


Google Analytics

Me brukar Google Analytics for å analysere bruken av nettsidene våre. Google Analytics er ei analyseteneste levert av Google, Inc. og brukar cookies for å samle inn informasjon, inkludert IP-adressa di. Denne informasjonen blir send til og lagra på serverar i USA. Google nyttar informasjonen til å lage rapportar og tilby tenester knytt til nettsidebruk. Google kan dele informasjon med tredjepartar dersom dette er pålagt ved lov, eller viss tredjeparten handsamar data på vegner av Google. IP-adressa di blir ikkje kopla med andre opplysningar Google har.

Selskapet må sikre at det sjølv eig Google Analytics-kontoen. Om kundeopplysningar blir sende i klartekst til Google Analytics, er det brot på vilkåra, og data kan bli sletta. Les meir om villkår for bruk av Google analytics.

For å rette seg etter samtykketeksten i GDPR må samtykket til bruk av informasjonskapsler logges/lagres.

Datalagring og Bruk av OpenAI API i Netti

Me brukar OpenAI sitt API i tenesta Netti. Når du brukar Netti, kan meldingane dine bli sende til OpenAI for handsaming. Data kan bli lagra utanfor EU i opptil 30 dagar, med mindre OpenAI er pålagt å lagre dei lenger. Me sender berre nødvendige data og oppmodar om at du ikkje oppgir sensitiv informasjon. Informasjon som blir sendt til Netti, kan lagrast i opptil seks månader innanfor EU for å forbetre tenesta. For meir informasjon om OpenAIs databehandlingsrutiner, kan du lese OpenAIs "Data processing addendum"

Innsyn og rettigheter

Du har til ein kvar tid rett til innsyn i de opplysningar som Bømlo Kraftnett AS har registrert om deg. Du kan også kreve retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovverk.