Treng du straum i byggjetida?
Treng du straumuttak til maskinar, lys og varme i byggjeperioden, kan du bestilla byggjestraum ved å sende inn søknad om byggjestraum nedanfor. Har ein eige byggjestraumskap, må det meldast inn av installatør som provisorisk anlegg via Elsmart.
Hugs å bestilla byggjestraumen i god tid, minst 14 dagar i forvegen! Dersom det må byggjast linje fram til skapet må kunde sjølv kosta dette.
Du er sjølvsagt også hjarteleg velkommen innom kontoret vårt i Hollundsdalen for meir informasjon eller ein kan ta kontakt med driftsavdelinga vår på tlf. 53 42 89 30 eller på e-post: firmapost@bomlo-kraftnett.no.
- Skapleiga for skap med 35A sikring er kr 17,5,- pr dag .
- Skapleiga for skap med 63A sikring er kr 20,- pr dag.
- Leiga vert rekna frå tilkoplingsdagen til oppseiingsdagen.
- Til- og fråkoplingsavgift er kr 3000,-.