Det er mange årsaker til at folk kan vere bekymra for elsikkerheita. Du er kanskje usikker på om elanlegget er i orden eller om det elektriske utstyret virker som det skal. Dette kan du gjere noko med!

Eigaren og brukaren av eit elanlegg eller elektrisk utstyr er sjølv ansvarlege for at alt er i orden og blir brukt på ein forsvarleg måte. Dette inneber òg eit ansvar for å ta faresignal på alvor og sørgje for nødvendige tiltak slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar.

Dersom du kjenner til forhold knytte til elektrisitet som kan medføre fare for deg eller andre, kan du dele din bekymring med Det lokale elektrisitetstilsyn (DLE). Før du sender inn ein eventuell bekymring til DLE, bør du imidlertid først vurdere om forholdet kan løysast på andre måtar.

Er du bekymret for ditt eige elanlegg?

Dersom du har mistanke om at det er feil i ditt eige elanlegg, pliktar du som eigar å kontakte ein registrert installasjonsvirksemd for å få avklart dette og utbetra eventuelle feil. Leigetakar har også eit ansvar for at elanlegget de benytter er i orden. Om du som leigetakar oppdagar feil, må du snarast mogleg varsle eigaren. Kven som har ansvar for vedlikehald og utbetring bør gå fram av leigekontrakten.

Er du bekymra for andre sitt elanlegg?

Dersom du har sett noko som gjer deg urolig ved elanlegg som ikkje er ditt eige, kan du melde fra om dette til oss på epost.

Er du bekymret for ulovlege installasjonsarbeidarar?

DLE har som prioritert oppgåve å følgje opp verksemder og personar som ulovleg utfører installasjonsarbeid. Dersom du har kjennskap til slike aktiviteter, kan du sende inn ein bekymringsmelding til oss, gjerne på epost.