Dersom du skal byggje nytt hus, hytte eller næringsbygg er det viktig å planlegge tilførsel av straum på eit tidleg tidspunkt. For å få rett dimensjon på inntakskablar, trekkjerøyr og jording er det viktig å ta kontakt med både nettselskap og elektroinstallatør tidleg i planleggingsfasen. Grøfter for inntakskabel og jording er noko av det første ein må tenkje på.

I bustad- og fritidsbygg skal det nyttast felles utvendig tilknytingsskap for straum og fiber. Det er her målaren skal monterast. Det er naturleg at ein brukar entreprenøren som er på staden til etablering av kabelgrøft fram til tilknytingsskapet. Nettselskapet leverer inntakskabel og koplar til denne. Det varierer om det er entreprenør eller nettselskap som legg sjølve kabelen. I tilfelle der det er praktisk gjennomførbart, koplar ein byggjestraumskapet til tilknytingsskåpet. Sjå bestillingsskjema for byggjestraum

Ynskjer du å knyta deg til nettet, er framgangsmåten slik:

  • Ta kontakt med oss slik at me kan avklara om det er straumnett og ledig kapasitet i det området du skal byggje. Bruk skjema for søknad om nett-tilknyting (Link).
  • Det kan og vera smart å avklare tilkopling med andre instansar som VA og Telekom som ofte skal ned i felles grøft.
  • Kostnaden med nødvendig etablering eller forsterking av straumnettet må dekkast av kunde. Denne kostnaden blir rekna ut etter gjeldande reglar for anleggsbidrag. (Link til side om anleggsbidrag). Nettselskapet vil sende ut kalkyle for tilkopling i forkant av tilkopling.
  • Du må kontakte ein godkjend installatør til å førestå den elektriske installasjonen. Det er installatøren som skal sende ei førehandsmelding til oss før arbeidet startar. Denne meldinga skal innehalde dei viktigaste detaljane om deg som kunde og nødvendige data om installasjonen som er nødvendig for å handsame søknaden.
  • Om me ikkje har mottatt søknad om nett-tilknyting, vil me sende ut skjema (Link til skjema) for søknad om tilknyting. Tilknytingsvilkåra vil bli lagt ved.
  • Etter å ha mottatt søknad om tilknyting, vil kostnaden (anleggsbidrag) bli kalkulert og sendt til deg som kunde.
  • Det er viktig at me får returnert signert avtale og aksept av kalkulert kostnad før me startar på arbeidet med tilkoplinga.
  • Når installasjonsarbeidet er ferdig og klart for tilknyting, sender installatøren ei ferdigmelding til oss.
  • Me monterer målar, koplar til anlegget, og sender faktura på tilknyting.
  • Ein må velje straumleverndør. Om ein ikkje vel leverandør vil ein automatisk få ein pliktleveransekontrakt med nettselskapet. Desse avtalane er normalt kostbare, og ein bør velje straumleverandør. Sjå liste over aktuelle straumleverandørar her