Leveringskvalitet er eit samleomgrep som omfattar leveringspålitelegheit og spenningskvalitet. Leveringspålitelegheit fortel om kor ofte ein har tilgang til elektrisk energi, medan spenningskvaliteten fortel om anvendelegheita av den elektriske energien.

For at den elektriske energien skal kunna brukast må spenninga ha ein viss kvalitet, om ikkje kan det i verste fall bidra til at elektriske apparat som er tilkopla får kortare levetid eller blir øydelagd.

NVE, Noregs Vassdrags og Energidirektorat har fastsett Forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Forskrifta gir meir utdjupande føresegner om kva kvalitet det skal vera på den spenninga som netteigar skal levera til kundane sine.