Nettselskap er etter Tilsynslova, pålagd å føra tilsyn innafor forsyningsområdet sitt på vegne av DSB. Denne tilsynsverksemda blir kalla Det Lokale Eltilsyn (DLE)
Det Lokale El-tilsyn ved e-verket/nettselskapet er derfor ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerheit, og utøver tilsyn etter retningslinjer gitt av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Kva gjere Det lokale el-tilsyn (DLE)?
Tar i mot førehandsmelding om alle typar installasjonsarbeid i sitt nettområde (også dei som ikkje vert tilknytta straumnettet) | ||
Utfører byggeplasskontrollar | ||
Utfører tilsyn med alle elektriske lågspenningsinstallasjonar som er tilknytta e-verkets/nettselskapets forsyningsanlegg | ||
Utfører tilsyn med omsettinga av elektrisk utstyr innafor everket/nettselskapet sitt forsyningsområde | ||
Utfører tilsynet sitt etter rammer gitt av DSB og er pålagt å rapportera til regionen om planlagte tilsynsaktiviteter og resultat | ||
Gir råd om bruk og vedlikehald av elektrisk anlegg og utstyr og informerar om årsaker til brann og ulykker forårsaka av elektrisk straum | ||
Tar stikkprøvekontroller av elektriske anlegg og utstyr i bustadar og andre bygningar | ||
Kontrollerer at verksemder som omset elektrisk utstyr, gjer dette i henhold til lover og forskrifter, og at utstyr som vert tilbydd, har eit akseptabelt tryggleiksnivå | ||
Kontrollerer at installatørar som monterar anlegg, har naudsynt kompetanse og rutinar for å utføra dette på ein trygg måte | ||
Informerer alle typer verksemder om at det er naudsynt å ta el-tryggleik med i dei interne kontrollrutinar slik at tryggleiken for dei tilsette vert betra, og faren for materielle skadar vert redusert | ||
Kontrollerer og føl opp alle institusjonar og verksemder som nyttar elektromedisinsk utstyr i det daglege slik at tryggleiken vert betra både for pasienter og pleiepersonell | ||
Hjelp politiet ved brann- og ulykkesetterforskning | ||
Informerer skuleungdom og andre om el-tryggleik. Alle 6. og 9. klassar får tilbod om at det lokale el-tilsynet kjem på besøk ein gong årleg. |
Dersom du ønskjer å komma i kontakt med Det Lokale El-tilsyn kontakt:
Bømlo Kraftnett AS
Hollundsdalen 1,
5430 Bremnes
E-post: tilsyn@bomlo-kraftnett.no | Tlf: 53 42 89 30
Direktenummer til tilsynsingeniør Reidar Haugland, tlf. 975 55 906
