Forholdet mellom deg som nettkunde og nettselskapet regulerast av ei nettleigeavtale og ei tilknytingsavtale. Desse standardvilkåra er berekna til bruk ved tilknyting og levering av nett-tenester til forbrukarar (husholdning/fritidsboliger) og næring.

Standardvilkåra av 2021 avløyser tidlegare standardavtale av 2007. Behovet for oppdaterte vilkårene er i første rekke utløst av endringer i en rekke forskrifter, gitt av myndighetene ved Olje- og energidepartementet (OED), Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Reguleringsmyndigheten for energi (RME) og Justervesenet.

Desse standardvilkåra gjeld mellom Nettselskap og Kunde frå det tidspunktet dei er kunngjorde for kundane i samsvar med gjeldande reglar (sjå pkt. 17 i nettleigevilkåra og pkt. 9 i tilknytingsvilkåra). Standardvilkåra består av to delar/avtalar:

  • Nettleigevilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og Kunden.
  • Tilknytingsvilkåra som regulerer forholdet mellom Nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som skal knytast til eller er knytt til overføringsnettet.