Når du har straumleveranse må du inngå to avtaleforhold:
- Ein avtale med ditt lokale nettselskap som driftar kraftnettet og transporterer krafta fram til deg. Du kan ikkje velje nettselskap, då dette vert fastsett av kor du bur, og i Bømlo Kommune er det Bømlo Kraftnett som er nettselskap. (Med unntak for Brandasund der det er Fagne AS)
- Ein avtale med ein kraftleverandør som kjøper krafta av kraftprodusent og sel denne vidare til deg som kunde. Du må sjølv velje kva for kraftleverandør du vil kjøpe krafta av.
Om du ikkje vel ein kraftleverandør vil du automatisk hamne over på ein så kalla pliktleveranse hos nettselskapet. Denne avtalen har eit lovpålagt høgare påslag, og kan vera dyrare enn ein kraftavtale hos ein straumleverandør. Sjå info om pliktleveranse her.