Ta alltid kontakt med oss ved betalingsvanskar, så kan me saman prøva å finna ei løysing.

Ved manglande betaling er rutinene våre slik:

Me nyttar Svea Finans som samarbeidspartar for betalingsoppfølging. Ved manglande betaling av uteståande faktura vil kravet automatisk oversendast til Svea Finans. Svea Finans sender purring/inkassovarsel, og purregebyr vil samsvara med gjeldande regelverk fastsatt av myndighetene. Dersom ikkje purringa/inkassovarselet vert betalt innan fristen, påløper det inkassokostnader i tillegg. Ved forsinka betaling påløper det også forsinkingsrente i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande rentesatsen fastsatt av Finansdepartementet i medhald av Forsinkelsesrenteloven §3.

Dersom ikkje purringa/inkassovarselet vert betalt innan fristen, vert kravet automatisk oversendt inkasso; Svea Finans. Det vil då koma inkassokostnader i tillegg.

Dersom me framleis ikkje høyrer noko frå kunden og faktura framleis er ubetalt, vert straumen fråkopla.

Kundane må dekka den reelle kostnaden
med utkoplinga (opningsgebyr), minimum gebyr kr.1.000 avgrensa opp til kr 1500,- i ordinær arbeidstid og Kr. 2500,- etter arbeidstid. Minimumsgebyr vert nytta ved fjerntilkopling.

Dersom anlegget vert fråkopla, vert ikkje anlegget tilkopla att før all gjeld til Bømlo Kraftnett AS er betalt.

Har du betalingsvanskar så ta kontakt med oss!


Stengerutinar

Me visar her til kva som står i EnergiNorge sine standard avtalar:

" § 8. Frakobling og tilkobling av installasjonen
Frakobling og tilkobling kan bare utføres av nettselskapet eller dennes representant. Nettselskapet er ikke ansvarlig for skade eller tap ved fra- eller tilkoblinger som er hjemlet i denne avtalen.
§ 8-1 Frakobling uten nærmere varsel
Nettselskapet foretar frakobling uten nærmere varsel dersom:
- innstallasjonen er farlig
- innstallasjonen behøver øyeblikkelig utbedring
- bruk kan medføre skade eller ulemper for nettkunden, nettselskapet eller andre
§ 8-2 Frakobling etter nærmere varsel
Nettselskapet kan foreta frakobling etter nærmere varsel dersom frakoblingen er nødvendig av hensyn til ettersyn, vedlikehold eller utvidelse av nettselskapets eller andre nettkunders installasjoner."