Her gir me deg 10 elsikre tips og råd for at du skal kunna halda heimen din elsikkert.

  1. Lad elektriske produkt berre når du er vaken og til stades. Lad ikkje produkt på soverommet
  2. Bruk vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin når du er heime og vaken.
  3. Unngå bruk av skøyteleidning til varmeomnar og utstyr med effekt på 1000w eller meir.
  4. Slå av, eller trekk ut, elektriske apparat som ikkje er i bruk.
  5. Sjekk regelmessig støpsel/plugg på varmtvannsberedar og sjå etter teikn på varmgang.
  6. Unngå komfyrbrann. Monter komfyrvakt.
  7. Tørk ikkje klede på varmeomn.
  8. Sjekk at jordfeilbrytar(e) og evt. jordfeilvarsel reagerer på testknapp. Sjekk også at sikringsskapet er ryddig og at dør er lukka.
  9. Ikkje gjer arbeid på det elektriske anlegget. Bruk registrert elektroinstallatør!
  10. Lad elbil berre frå eigna ladeuttak. Installer ein heimeladar der du ladar til dagleg.

Korleis står det til hos deg? Sjekk Elsikkerheten Heime og på Hytta