Den smarte straummålaren gir deg som kunde ein nøyaktig oversikt over straumforbruket ditt og du trenger ikkje å lese av straumen sjølv. I tillegg til å vise energiforbruket kan straummålaren også vise deg noverdi på straumforbruket og spenning ved å trykke på skjermknappen til straummålaren.
Den smarte straummålaren som er installert heime hos deg er frå Nuri og kalles gjerne AMS. AMS står for Avanserte måle- og styringssystem og gir deg muligheit til ein meir detaljert oversikt over straumforbruket.

For meir informasjon om korleis den automatiske straummålaren fungerer, kan du lese meir her.
Ofte stilte spørsmål
Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender resultatet til nettselskapet automatisk, så du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein boks som erstattar straummålaren du har i dag.
Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer trykkvarmaren. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.
Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.
Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Noreg på over 100 år.
- Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
- Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
- Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
- Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.
Faren for at uvedkommande skal «hacke» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing, er ikkje større enn risikoen for at nokon skal ta seg ulovleg inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgje for å sikre utstyret best mogleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil vi leggje stor vekt på råda frå Datatilsynet. Vi følgjer utviklinga nøye og skal sjå til at datatryggleiken er best mogleg vareteken i det nye systemet.
Den automatiske straummålaren med tilhøyrande kommunikasjonsutstyr ligg langt innanfor fastsette grenseverdiar for stråling og tilfredsstiller alle offentlege krav. Du finn informasjon om strålefare på nettsidene til Statens strålevern.
AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.
Det er ein radiosendar i målaren som sender verdiar til mottakarar hos nettselskapa på fastsette tidspunkt. Dei fleste målarane vil sende på radiofrekvensar som er avsette til dette. I nokre område vil vi bruke mobilnettet.