Alle kundar må velje straumleverandør. Dersom du ikkje vel ein straumleverandør innan 6 veker, vil du automatisk få ein avtale kalt "pliktleveranse". Vilkåra i denne avtalen er ofte dyrare samanlikna med andre kraftleverandørar. Me anbefaler derfor at du vel ein straumleverandør så snart som mogleg.
Det er kostnadsfritt å bytte kraftleverandør. Nettselskapet skal leggje til rette for at kundar enkelt kan byte leverandør.
Me anbefaler deg å besøke Forbrukarrådet si nettside strompris.no. Der kan du samanlikne tilbod frå ulike kraftleverandørar som leverer til di adresse.
Ta kontakt med den kraftleverandøren du ønskjer så snart som mogleg, og hugs å ha desse opplysningane klare når du skal bestille straumavtale:
- Målepunkt-ID (du finn dette til dømes på fakturaen)
- Fødselsdato eller Organisasjonsnummer
- Namn eller firmanamn
Pliktleveranse
Kundar som ikkje har inngått avtale med ein kraftleverandør, vil få leveringspliktig straum frå sitt nettselskap. Dette er fastsett av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Ordninga er meint som ei mellombels løysing, og prisen på leveringspliktig straum frå nettselskapet er høgare enn det ein kraftleverandør vanlegvis vil tilby. Etter seks veker er nettselskapa pålagt å auke påslaget ytterlegare, for å oppmode kundane til å velje seg ein eigen straumleverandør. Difor vil det vere lønnsamt for deg å opprette straumavtale hos ein kraftleverandør så snart som mogleg.
For meir informasjon om korleis marknaden verkar visar me til NVE sine forbrukarsider.