Nettselskaper er med heimel i Eltilsynslova er pålagd å drive tilsyn på elektriske anlegg innan sitt forsyningsområde. Formålet med tilsyna er å førebyggja brannar og ulykker forårsaka av straum. 

Mange bustadbrannar startar i det elektriske anlegget og kunne vore unngått med ein regelmessig sjekk.

Det formelle namnet på tilsynseininga er Det Lokale Eltilsyn (DLE). Tilsynet er heimla i el-tilsynslova og retningslinjer for arbeidet er gitt av Direktoratet for samfunnstryggleiks- og beredskap (DSB). DLE har styresmakt til å kontrollera og vedta utbetring av eventuelle farlege forhold i anlegget til kundane. 

DLE har mellom anna følgjande arbeidsoppgåver: 

  • Utføra tilsyn i private heimar og verksemder 
  • Drive aktivt informasjonsarbeid 
  • Besvare førespurnader frå publikum, elektrobransjen og andre næringsverksemder om bruk av elektrisitet og elektrisk utstyr 
  • Følgja opp meldingar frå publikum om forhold som kan vera forskriftsstridige eller bekymringsverdige 
  • Bistå politi og brannvesen i etterforsking av brannar 
  • Informere om eltryggleik i skuleverket

Kven utfører tilsynet

DLE v/Bømlo Kraftnett utfører kontroll i vårt konsesjonsområde. Me leiger og inn eit sakkyndig selskap (El-Tilsynet AS) til å utføre nokon av kontrollane for oss. 

Kontakt eltilsynet

Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål om tryggleik rundt bruk av straum, eller ønskjer opplysning om tiltak for å minimalisera risiko for uhell/ulykker.

Epost:  tilsyn@bomlo-kraftnett.no

I Elsikkerhetsportalen kan du lese mer om tilsyn med virksomheter.