Her finner du forskjellig informasjon om ulike tema

Faktura

Kor ofte kjem fakturaen?

Fakturaen din vert sendt til deg kvar månad. Den gjeld frå 1. i månaden til 1. i neste månad. Du skal ha den i hende mellom den 15.-20. i månaden, og den vil ha forfall 1. i neste månad.

Fakturaforklaring av detaljer

På Mi Side finn du detaljert fakturaforklaring: Mi Side.

Korleis opprette avtalegiro og e-faktura

Avtalegiro kan ein oppretta her: https://www.avtalegiro.no/priv...

For å motta eFaktura gjer ein innstillinga i nettbanken sin der ein seier «Jatakk til elektronisk faktura». Ein vil då motta alle sine faktura elektronisk tilsendt til nettbanken sin. Det er også i banken din du seier noko om korleis du ynskjer å bli varsla at efakturaen er motteken.

Kan eg utsette betalingsfristen?
  • Det kan du gjera sjølv:
    Du kan utsetje betaling inntil 30 dagar etter hovudforfall. Du treng ikkje få tilsendt ny faktura, men kan bruka same KID-nummer som på original faktura.

  • Dette må til for å utsetje fakturaen:
    Fakturaen kan ikkje vere forfalt og fakturabeløpet kan ikkje vere over kr 20 000,-. Dersom du har andre forfalne beløp eller faktura større enn kr 20000,-, må du kontakte kundesenteret for å be om betalingsavtale.

  • Dette må du vere merksam på:
    Me gjer merksam på at det vil bli rekna renter på beløpa som blir betalt etter opphaveleg forfall. Rentesatsen følgjer satsane som blir fastsette av Finansdepartementet.
Kan eg motta faktura på e-post?

Finnås Kraftlag tilbyr E-postfaktura.
Du finn også alle dine faktura i PDF inne på Mi Side.

Kva skjer med tilgodebeløp på fakturaen

Tilgodebeløp vert utbetalt løpande. Ved avslutta abonnement vil tilgodebeløp utbetalast ein av dei næraste dagane etter avrekning, utbetaling vil gå til det kontonummer som dei tre siste innbetalingane har blitt utført frå.

Betaler eg for straumen min på forskot?

Nei, Bømlo Kraftnett fakturerar straumen etterskotsvis. Me samlar inn måleverdiar automatisk frå målaren din og samanstiller dette i faktura til deg månadsvis. 

Nettleige

Kvifor har me nettleige?

Straumnettet er kraftforsyningens vegnett. Når du kjøper straum brukar du nettet for å frakta straumen frå produksjonsstaden og fram til stikkontakten din. For dette betaler du ei nettleiga. På same måte som bilistane betalar vegavgift for å bruka vegnettet, betalar straumkundane ei fraktavgift for å bruka straumnettet.

Kven betalar for straumnettet i Norge?

Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Norge kostar årleg 27 milliarder kroner. Denne rekninga vert betalt av brukarane av nettet gjennom nettleiga Dersom me klarar å utnytte nettet smartare, kan me redusera behovet for utbygging og dermed halda nettleiga lågare.

Kva betyr ny nettleigemodell for nettselskapet sine inntekter?

Nettselskapa si samla inntekt vert bestemt av myndigheitene gjennom årlege inntektsrammer, og vil ikkje bli påverka av ny prismodell. Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Norge kostar årleg rundt 27 milliarder kroner. Denne rekninga vert dekka av brukerane av nettet. Ved å utnytta kapasiteten i nettet smartare, kan me halda nettleiga lågast mogleg for straumkundane over tid ved at ein slepp å investere i nytt nett før det strengt tatt er nødvendig.

Kva med brannfaren viss eg brukar meir straum om natta?

Flytting av forbruk skal ikkje gå ut over komfort eller tryggleik i heimen. Me anbefalar for eksempel ingen å bruka vaskemaskin, tørketrommel eller oppvaskmaskin når dei søv. Det er heller ikkje mykje å spara på dette. Elbil kan du derimot trygt lada om natta, om du har installert eigen heimeladar og nytta elektrikar til arbeidet.

Kor mange kan påverke nettleiga si?

Dei som brukar mest strøm vil kunne påvirka nettleiga mest. Det gjeld ikkje minst alle dei som har elbil og eigen heimeladar, men det gjeld også andre. For eksempel bør du unngå å skru opp varmeovnar, sette på vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin samtidig. Varmtvassberedaren kan svært mange slå av på dagtid utan å merke det. Dette er enkle og kostnadsparande grep. Å fordele straumforbruket gjennom dagen er nøkkelen her.

Eltilsyn

Eg ynskjer ein sjekk av det elektriske anlegget mitt, kva gjer eg?

Om du ynskjer ein sjekk av det elektriske anlegget i bustaden din, må du kontakta ein godkjend elektrikar. Godkjente elektrikere står oppført i Elvirksomhetsregisteret. DLE tek ikkje slike oppdrag, då oppgåva deira er å vera kontrollstyresmakt i etterkant.

Kva skjer under eit tilsyn?

Kontrollen blir gjennomført ved hjelp av målingar i tillegg til visuell sjekk av anlegget. Tilsynet frå DLE er stikkprøvebasert og erstattar derfor ikkje elkontroll frå registrert elverksemd.

Meir informasjon om tilsynsbesøk. Kvifor skal DLE kontrollera det elektriske anlegget?

Formålet med kontrollane er først og fremst å sikra menneske, dyr og eigedom mot skadar og ulykker med elektrisk årsak. Me veit at cirka halvparten av alle bustadbrannar kjem av anten feil bruk av elektrisk utstyr, feil på det elektriske utstyret eller feil på det elektriske anlegget. Ved å kontrollera elektriske anlegg og informera om eltryggleik vil risikoen for brann reduserast.

Det elektriske anlegget mitt er heilt nytt. Må DLE komma på kontroll då?

Ja, DLE utfører også tilsyn med installasjonsverksemder som planlegg, utfører og reparerer elektriske anlegg. Verksemdene skal ha regelmessige tilsynsbesøk frå DLE for å sikra at dei har nødvendig kompetanse og rutinar for å utføra arbeida på ein trygg måte. Eit ledd i dette arbeidet er å kontrollera dei jobbane desse verksemdene utfører; både arbeidar utført på nye og eksisterande anlegg.

Har eg verkeleg plikt til å vera til stades når DLE kjem på besøk?

Ja, med heimel i lov av 24. mai 1929 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr § 5 skal tilsynsmakta til kvar tid ha uhindra tilgang til anlegget. *DLE har etter same lov rett til og kan påleggja eigar av, eller ansvarleg for anlegget, eller representant for denne, å vera til stades under kontrollen. Bruker, eller eig, av det elektriske anlegget må altså sørgja for at nokon er til stades under kontrollen. Dermed får ein informert om det som eventuelt blir påvist av feil i tillegg til bakgrunnen for at utbetring må gjennomførast. Dersom brukar og/eller eig sjølv deltek, får ein sjølvsagt best utbytta av råd og informasjon som tilsynspersonellet kan bidra med.

Kan DLE stengja anlegg ved farlege feil?

Det lokale eltilsynet kan stengja det elektriske anlegget ditt eller kopla frå ein sikringskurs ved alvorlege feil. Du vil då sjølvsagt få ein beskjed om dette. Du vil også få beskjed om å kontakta ein godkjend elektrikar for å utbetra feilen

Eg har fått en tilsynsrapport som beskriv feil på det elektriske anlegget. Kva gjer eg med det?

I hovudsak skal avvik som er påpeika i tilsynsrapporten utbetrast av ei registrert installasjonsverksemd med mindre noko anna er avtalt. Ta kontakt med ei installasjonsverksemd for å sørgja for at feila blir retta innan fristen. Installasjonsverksemda sender melding om at rapporten er utbetra til DLE. Tilsynssaka blir avslutta når meldinga er motteken.

Eg er ikkje samd i dei avvika som er påpeika. Kan eg klaga?

Ja, undervegs i saksgangen er det moglegheit for å komma med innvendingar mot påpeika avvik. Informasjon om dette og kva fristar som gjeld vil komma fram av dokumenta du har fått frå DLE.

Eg rekk ikkje å utbetra feila før fristen går ut. Kva gjer eg med det?

Dersom det er behov for å utsetja fristen, må eigar/bruker kontakta det lokale eltilsynet sitt. Behovet må grunngivast. Om fristen kan forlengjast vil vurderast i kvart enkelt tilfelle og vil vera avhengig av alvorsgrada i dei feila som er funne. Økonomiske årsaker gir ikkje grunnlag for å forlengja utbetringsfristen.

Kva skjer dersom eg ikkje rettar opp feila som DLE finn ?

Dersom pålegg om å retta avvik ikkje blir etterkomme, vil reaksjonane vera avhengige av alvorsgrada i dei feila som er funne. Det kan t.d. bli vurdert å reisa sak om bruk av sanksjonsmidlar, t.d. tvangsmulkt. Først og fremst må du tenkja på din eigen tryggleik, og det er i di eiga interesse at det elektriske anlegget ditt er i orden.