Når du bruker straum må du betala for to produkt. Du betaler ein kraftpris for straumen du kjøper frå kraftleverandøren du har valt, og i tillegg betaler du nettleige til det lokale nettselskapet for transport av denne straumen.
Nettleiga skal gi nettselskapet inntekter til dekning av kostnadene ved transport av straum, gitt effektiv drift, utnytting og utvikling av nettet. Det er nettselskapet sjølv som fastsett nettleiga, men NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) kontrollerer at inntekta nettselskapet hentar inn gjennom nettleiga ikkje er høgare enn det nettselskapet totalt har lov til å ta seg betalt frå kundane sine. (Kjelde: NVE)
Leveringsplikt
Om du ikkje har inngått avtale med ein kraftleverandør vil du bli satt på ein leveringspliktig straumavtale hos nettselskapet ditt. Nettselskapet er pliktig til å selja deg straum fram til du har valt deg ein kraftleverandør og dette blir kalla for leveringsplikt eller ventetariff.
Denne ordninga er meint for å vera ei mellombels løysing så prisen på leveringspliktig straum frå nettselskapet er høgare enn det som ein kraftleverandør kan tilby deg:
Dei første 6 vekene er prisen for leveringspliktig straum ein spotpris og dessutan eit påslag på 6,25 øre/kWh. (5 øre/kWh eks. mva.)
Etter 6 veker er nettselskapet pålagt til å auka påslaget ytterlegare for å oppmoda kundane til å velja seg ein eigen kraftleverandør. Derfor vil det vera lønnsamt for deg å oppretta ein ny straumavtale hos ein kraftleverandør så snart som mogleg.
Byte kraftleverandør
Det er kostnadsfritt å byta kraftleverandør. Nettselskapet skal leggja til rette for at kundar skal gjennomføra leverandørbyte.
Me tilrår deg å besøkja Forbrukerrådets nettside strompris.no. Her vil du kunna samanlikna tilbod frå dei ulike kraftleverandørane som kan levera til adressa di.
Distribusjonsnettet.
Statnett er operatør for transmisjonsnettet. I dette ligg det at Statnett har ansvar for å fastsetja tariffar og innhenta nettleige frå kundar tilknytte transmisjonsnettet. Tariffsatsane blir fastsette etter gjeldande regelverk.
For prisar sjå: Statsnett si side
