Kostnader rundt utbyggjing

Alle nye nett-tilknytingar og nettforsterkingar basert på auka kapasitet frå eksisterande nettkunde skal kostnadsreknast for å kunna fastsetja størrelsen på anleggsbidraget.

Døme på nye typar nettanlegg der det skal reknast på er:

  • Tilknyting av fritidshus/hytter.
  • Tilknyting av bustadhus/leilegheiter.
  • Tilknyting av naust, garasjar og mindre anlegg.
  • Tilknyting av produksjonsanlegg.
  • Tilknyting av næringsbygg og offentlege bygg.
  • Tilknyting av fiskeanlegg.

Døme på nettforsterkingar der det skal reknast på er:

  • Auka effektbehov hos kunde.
  • Endra spenningsnivå hos kunde.

Anleggsbidraget skal reknast ut frå nettselskapet sine faktiske kostnader for den konkrete tilknytinga eller behov for auka kapasitet. Nettselskapet skal først gi eit anslag over forventa anleggsbidrag, men det endelege anleggsbidraget kan fyrst etterbereknast etter at tilknytinga er fullført og alle kostnader er kjent.

Ved utrekning av anleggskostnad som inngår i anleggsbidraget skal ein nytta sjølvkostpris.

Anleggskostnaden er nødvendige kostnader ved ny-tilknyting eller forsterking. I anleggskostnaden skal det inngå prosjekteringskostnadar, materialkostnader, montasje, maskinkostnader, transport og utstyr. I tillegg kjem eventuelle eksterne kostnader som entreprenør, erstatning, tinglysing m.m..

Bilde av Vika
Forsterking av eksisterande nettanlegg

Dersom ny kunde eller auka kapasitetsbehov frå eksisterande nettkundar medfører at eksisterande nettanlegg må forsterkast blir følgjande prinsipp lagt til grunn:

  • Bømlo Kraftnett AS dekker kostnad med reinvestering til opprinneleg dimensjon når teknisk levetid er utgått.
  • Kostnaden med framskunding av reinvestering av eksisterande nettanlegg inngår i grunnlaget for berekning av anleggsbidraget.
  • Teknisk restlevetid på komponentar blir normalt nytta ved fastsetjing av tid for framskundinga.
  • Det nyttast standard kalkulasjonsrente for kraftnett ved utrekninga.
  • Det blir gjort ei synfaring for å vurdera tilstanden på nettet.