Me jobbar heile tida for at du skal ha ei sikker og god straumforsyning. Likevel kan det skje at straumen blir borte over kortare eller lengre tid av ulike årsaker.

Skulle eit avbrot vare svært lenge, dvs meir enn 12 timar, har du krav på erstatning frå oss for dei ulempene straumstansen påfører deg.

Ulempeserstatning

Styresmaktene har definert eit "svært langvarige avbrot" til å vare i meir enn 12 timar. Dei har vidare gruppert svært langvarige avbrot inn i to kategoriar, med desse erstatningssatsane:

Kompensasjonssatser for bustad:
Avbrot 12 timar:Kr 500

Pr time utover 12 timar:
Kr 40

Kompensasjonssatser for fritidsbustad:


Avbrot 12 timar:
Kr 125

Pr time utover 12 timar:
Kr 10



For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneverande år.

Kompensasjonen gjeld ikkje for kundar med eigen avtale om utkoplingsbart forbruk.

Kompensasjonen kan ikkje vera større enn forventa innbetalt nettleige inneverande år. Forventa innbetalt nettleige er forventa årsforbruk i kWh multiplisert med gjeldande sats for energileddet i tillegg til fastleddet. Sluttbrukar som sjølv er skyld i avbrotet har ikkje krav på kompensasjon. Me skal betale ut erstatninga automatisk utan at det er framsett krav innan 12 veker etter at straumen var tilbake.

    Føresetnaden for å få erstatning er at me som nettselskap kjende til eller burde ha kjent til avbrotet.