Det blir ikkje stilt krav til produksjonskjelde for å bli plusskunde hos Bømlo Kraftnett, men ifølgje Reguleringsstyresmaktene for energi i NVE, vil enkelte delar av straumnettet få utfordringar med å tilfredsstilla krava til spenningskvalitet ved ein auke i talet på solcelleanlegg.

Ein nyleg analyse viser at det kan installerast 5-10 kWp solcelleanlegg på kvart hustak, men at det i svakare delar av nettet kan oppstå problem med mindre anlegg. Det vil også kunna vera utfordringar knytte til større enkeltanlegg.

Dersom ein bruker det meste av straumproduksjonen sjølv, blir ikkje spenningskvaliteten påverka. Det er når overskotsproduksjon blir tilbakeført straumnettet at spenninga stig. Solcelleanlegg sluttar å produsera i periodar der spenninga i området blir for høg.

For ytterlegare informasjon, sjå hjemmesidene til Reguleringsmyndigheten for energi i NVE