Slik blir du plusskunde
Kontakt først solcelleleverandøren og sjekk om dei har eit samarbeid med ein elektroinstallatørbedrift. Alternativt kontaktar du autorisert elektroinstallatør direkte. Det er installatøren som tek seg av både installasjonen og søknaden til Bømlo Kraftnett.
Du som plusskunde må sjølv inngå ei eiga avtale med ein straumleverandør for kjøp og sal av kraft. Du kan berre ha avtale med eitt straumselskap for kjøp og sal av overskotsproduksjonen din av kraft.