Vern heimen for lynskadar

Publisert av bomlo_admin

28.01.26, kl 14:20

Vern heimen for lynskadar

Det kan bli store skadar etter torevèr og lyn. Her er dei viktigaste råda du bør følgja!

  • Trekk ut støpselet frå kontakten til TV, kjøleskap, PC-ar, spelkonsollar, breibandsroutere, modem og annan finelektronikk.
  • Vern det elektriske anlegget med overspenningsvern. Sidan 2010 er det krav om overspenningsvern i alle bustader (ikkje tilbakeverkande kraft).
  • Monter finvern på utstyr du ønskjer å verna. Finvernet vernar mot siste rest overspenningar som overspenningsvernet i sikringsskapet kan sleppa gjennom.

Kjelde: Elsikkerhetsportalen